Verdas opplevingar
Ein fantastisk moglegheit for små barn å lære om kordan jordkloden ble lagd.
Av Benhur Benyam Asmelash, 16 år
Mentor for redaksjonen: Hedda Fredly
For å vere ærleg tenkte eg at Verden sa ja ikkje ville bli noke gøy å sjå på siden den var lagd for små barn. Men då eg såg kostymene skodespelaren hadde på seg, lyseffektane som ho skulle bruka og alle barna som va oppslukt, blei eg òg spent for å sjå stykke. Med ein gong eg kom in merka eg at barna var veldig engasjerte.
Verden sa ja ble spilt av skodespelaren Marit Synnøve Berg, og den handlar om korleis verda ble lagd og korleis den utvikla seg. Skodespelaren hadde på ein jordklode som va lagd av skin, også brukte hun borrelås til å feste elementer på kloden i løpet av forstillinga.
For meg va stykke veldig fint å sjå på. Måten ungane satt stille og fint på golvet og venta på at det heile skulle begynne var veldig rørande. Før førestillinga begynte, forklarte skodespelaren at det kan bli litt skummelt med lyden og viss ungane ble redde så kunne dei klemme/holde tett med den som satt ved sidan av deg. Fordi stykket va ikkje lagd for 1-2-åringar, men ungar frå 3 år og oppover.
Etter kvart då førestillinga starta la eg merke til at Berg brukte mykje hjelpemiddel som lyseffektar til å lage spenninga og musikk til å lage alle dei ville lydane som hu trengte for å understreke forteljinga. Teksten frå boka (av Kaja Dahle Nyhus, red.anm.) vart lest som voiceover. Underveis festa skodespelaren nye elementer på den snurrande jordkloden til dømes fabrikk, hund, hus, osv.. Til og med eg lærte noke nytt.
Verden sa ja er en bra og gøyal måte og lære barna noke nytt på. Men eg skal ikkje lyge, det va litt tungt å sitte på golvet. Eg veit ikkje korleis barna klarte å sitte rolig på golvet i cirka 20/25 minuttar. For meg var det veldig tung, eg klarte ikkje å sitte stille. Det hadde vore fint med stoler til alle. Men fortsett frå det var førestillinga veldig fin å sjå på. Og barna ble veldig glade for at dei fikk sett den. Det ble eg òg, og det va fint at barna fikk boka etterpå sånn at dei kunne lese den.
Eg syns Verden sa ja var veldig bra og eg blei skikkeleg glad at eg fikk sjansen til å oppleve noke sånt i Dale. Det e ikkje alltid vi får sjansen til å oppleve noke så fint. Håper at vi får fleire fantastiske moglegheiter som dette.
Medverkande – Verden sa ja
Av Kaia Dahle Nyhus
Regissør Janne Langaas
Skuespiller Marit Synnøve Berg
Idéutvikling og visuelt konsept Kristin Bengtson
Figurdesign og figurmaker Anna Granberg
Komponist og lyddesigner Rikard Strømsodd
Tekniker Eskild Backer Borgan
Dramaturg Hilda Levin
Produsent Carolinn Helgerud
Produsert av Unge Viken Teater og Barske Glæder Produksjoner
Støttet av Spenn og Teater Innlandet