Testløpet held spenninga oppe frå start til slutt

Ulike hindringar

I dette stykket blir ein kjend med 12 år gamle Klara, og dei tre foreldra hennar: mamma, pappa og bonusmamma. Dei er alle tre ulike, men vil det same, -at Klara skal følgje drøymen sin om å gå på skulen for unge idrettstalent.

Når testløpet skal til å starte oppstår det mange hindringar. Folk som ikkje skal vere der er der, mens dei som skulle vere der er der ikkje. Verken Klara eller rektoren er der til løpet skal til å byrje, og vi må saman finne ut kvifor dei ikkje er der. Klara har reist til Førde, mens rektor Rask sit fast i trafikk. Skodespelarane får oss meir og meir engasjert i stykket, og vil bere hjelpe dei med å finne jenta si.

Løgnar og klimastreik

Eg syntest dette var eit skikkeleg spanande stykke, kor eg kjende meg skikkeleg igjen i fleire av tematikkane. Skodespelarane gjorde at ein fekk ein følelse av at dette faktisk skjedde. Ein fekk lyst til å hjelpe dei med å finne jenta si. Ein kunne sjå på ansiktet til publikum at dei prøvde å finne på idear og løysingar. Både dei små og store var engasjerte og kom med mange gode idear, noko som fekk blant annar meg til å komme på fleire idear.

Etter diverse avsløringar om bonusmammans dataspelavhengnaden og at Klara er på klimastreik og er sint på dei, samla skodespelarane oss, og vi måtte saman finne ut av ei løysing. Vi skreiv mellom anna løyndommar som dei tre skodespelarane hadde hatt på ballongar og las høgt. Stykket enda med at skodespelarane reiste til Førde for å hente Klara.

Improvisert spenningstopp

Noko som imponera meg skikkeleg er kor flinke skodespelarane var til improvisasjon. Dei hadde inga aning om kva vi kom til å seie og gjere, men dei visste alltid kva dei skulle gjere og seie til ei kvar tid. Om det gjekk ein veg dei ikkje hadde tenkt så hadde dei alltid ting som henta dei inn igjen: ein telefon frå rektor Rask, melding frå Klara eller oppgåver vi skulle gjere..

Skodespelet hadde spenning heile vegen gjennom, men når alle saman vart samla nådde det spenningstoppen. Stykket var fullt av «plot twists» som gjorde at det ikkje vart kjedeleg, og at det var spenning heile vegen. Sjølv om ein ikkje heilt visste når stykket starta, var det eit av dei beste stykka eg har sett.