Diverse tankar om Teaterfestivalen i Fjaler 2024
Eliot (17 år)
Dette var den 12. teaterfestivalen vi har hatt i Dale, og det tredje året eg har vore så heldig til å kunne skrive for unge stemmer. Jippi, gratisbillettar! I år såg eg mange forskjellige stykker, og har skrive om nokon av dei her:
Dead as a Dodo:
Wakka Wakka er ein gruppe eg har sett monge gongar før, og som eg har blitt ein stor fan av. Eg såg Animal Riot to gongar i 2021, og The Immortal Jellyfish Girl (på bursdagen min!) i 2022. I år var dei tilbake (yes!) med dukketeateret Dead As a Dodo.
Under stykket fann eg ut at Animal Riot, The Immortal jellyfish girl og dette stykket alle hang saman i ein trilogi (i det minste tematisk sett). Dei tidlegare stykka har også handla om utrydding, klima og apokalypsen, og dei har gjord det på ein humoristisk, men tankevekkande måte.
Stykket handla om to skjelett (eit menneske og ein dodo) som … vel, eg skjønte ikkje heilt kva hovudkarakterane prøvde å oppnå, dei blei liksom stadig kasta rundt til nye plassar og karakterar. Men plassane og karakterane var verkeleg fantastiske. Det var litt som eit trylleshow, eigentleg.
Det var nok det mest avanserte stykket eg har sett på nokon teaterfestival her. Med svært kreative og fancy lys- og lysteknikkar blei stykket nesten som ein stop-motion animasjonsfilm.
Det var iallefall veldig kjekt, håpar vi har eindå fleire slike dukketeater i framtida!
Epp:
Epp var eit stykke av Theater Corpus basert på ein gamal science fiction-romamen av same namn, og handla om mannen Epp under eit totalitært framtidsssamfunn i byen Gambolia.
Det var veldig kjekt å sjå fleire dukketeater på teaterfestivalen i år. Det som er endå betre er at eg trur desse to stykka er så forskjellig som dukketeater kan bli. Der Dead as a dodo var tullete, visuelt stimulerande og ein nesten komplett illusjon av levande dukker, var Epp rolegare, relativt enkelt laga, og meir innbydande til refleksjon blant publikum.
I staden for å gå med svarte drakter som skal gøyme skodespelaren var gruppa her ikledd gule arbeidsdrakter. Epp var tydeleg styrt av skodespelarane «aha! Han bur jo i eit totalitært samfunn, så klart han er kontrollert …». Sjølv om eg likte dette valet, kom det av og til litt i vegen for opplevinga mi av dukketeateret.
Stykket hadde ein spesiell sjarm til seg. Ein fekk følelsen av å vere i ein 60-tals scifiroman (det høyrdest litt ut som radioteater). Det var eit innblikk i denne mannens klaustrofobiske hybel og rutine, var eit veldig kult stykke å sjå.
People of the earth:
People of the earth (La gente de la tierra) av Mezcolanza Theater var eit stykke som handla om ei ung kvinne som flykta til Noreg frå diktaturet i Chile. Det var eit stykke med kun tre skodespelarar, men det føltast av og til som det var fleire enn det.
Eg likte veldig godt at nesten all dialogen og eksposisjonen skjedde på spansk, med norske og engelske «undertitlar». I tillegg var mykje av den «norske» dialogen totalt uforståeleg, berre ein etterlikning av korleis norsk kanskje høyrast ut for ein som ikkje kan språket. Eg fekk mykje meir sympati for korleis det må vere å måtte integrere seg i eit land utan hjelp.
Til slutt fekk ein vite kor nær, både i tid og oppleving, denne historia var, og det var veldig rørande. Etter lysa gjekk av og før applausen gjekk var det nok ti-tjue sekund der heile salen sat heilt stille. Og snufsa. Mykje.
My dinner with Putin:
Denne monologen av Kate Pendry var eit innblikk i skodespelarverda, og i kor vanskeleg den kan vere. Den omtalde ein rekkje med nokså tilfeldige hendingar som gradvis førde til at talaren befant seg i Moskva og stod framfor sjølvaste Vladimir Putin.
Eg vart dradd veldig inn i historia og vart smitta av entusiasmen til skodespelaren om nettopp det å være skodespelar, og det å prøve å få eit gjennombroti den verda. Dette gjorde det nok lettare å sympatisere med valet hennar om å spele i ein film som vert laga av den berømte men beryktede russiske filmdirektøren Nikita Mikhalkov. Ein kunne iallefell få ganske stor forståing for kvifor ting hadde utfolda seg som dei gjorde. Men heilt på slutten kom twisten. Historia er ikkje ferdig endå.
«We start filming in November.»
Når eg har sett stykker der ein skodespelar forteljer om si oppleving, er det alltid ifrå eit perspektiv som er utanfor situasjonen. Kunstnaren har alltid hatt til til å forsøke å reflektere over alt i sin heilheit, og har så skrive det til ein monolog. Her er det ikkje slik. Openbaringa traff ganske hardt. Situsajonen er ikkje over, og ting er minst like rotete som før. Det samme kan jo også seiast om krigen i Ukraina, tenkte eg etterpå.
Eg er ikkje heilt sikker på kva eg skal føle om vala som førde ho til denne situasjonen. Altså eit tankevekkande stykke. Gøy!
Konklusjon:
Teaterfestivalen i Fjaler 2024 hadde mange bra stykker (mange eg ikkje rakk å sjå eller skrive om, dessverre), og eg er svært glad for at eg kunne «delta» i år òg. Tusen takk!
Teaterfestivalen i Fjaler 5-8. september 2024
My dinner with Putin:
Tekst og skodespelar: Kate Pendry, regissør: Mads Sjøgård Pettersen, musikar, teknikarr og komponist: Audun Aschim.
Produsent: Syv mil/ Camilla Svingen, kamerafører: Borgar Skjelstad, lysdesigner: Martin Maisch Brandvoll. Tekniker: Maja Bergebakken Sundt. lyddesign: Thomas Hildebrand. fotograf: Tormod Lindgren. Samarbeidspartnarar er Vega Scene, Syv mil, Østfold Internasjonale Teater og Hamar Teater. Støtta av: Kulturdirektoratet, Fond for lyd og bilde, Bergesenstiftelsen, Dramatikkens Hus, Fritt Ord, FFUK, Stikk.
Epp:
Ide, regi, scenografi, kostymer og figurer: Tormod Lindgren. Dramatisering : Aina Villanger. Komponist: Lars Skoglund. Videoprojeksjoner : Peter Knudsen. Lysdesign : Oscar Udbye/Kåre Nordseth. Produsent: Tormod Lindgren. Skodespelarar: Thomas Hildebrandt, Geir Robsrud og Dominika Minacz-Sira- Regiassistent : Oda Holmvik Bredvold. Scenografiassistent : Piotr Chrzanowski og Aaron Lindgren. Kostymeassistent : Klara Gecevic
Framsyninga er støtta av Norsk kulturråd, Fond for lyd og bilde, Fond for utøvende, Fritt Ord, Norsk komponistfond, Spenn . Takk til Axel Jensen sine etterlatte for tillatelse til å dramatisere verket.
People of the earth:
Regi og produsert: Mezcolanza Theater. Lysdesign / scenografi: Carlos Patrick Casanova, Skodespelarar: Angy Avendano, Pilar Carre. Ivet Sanz. Komponist musikk: Mats Høstaker. Foto: Johan Arizpe. Grafisk design: Daniela Ruiz
Dead as a Dodo:
DEAD AS A DODO av Gwendolyn Warnock & Kirjan Waage med ensemble. Medverkande: Lei-Lei Bavoil, Alexandra Bråss, Andy Manjuck, Hanna Margrete Muir, Sigurd Rosenberg, Marie Skogvang Stork, Anna Soland, Kirjan Waage. Regi: Gwendolyn Warnock and Kirjan Waage. Original musikk og lyddesign: Thor Gunnar Thorvaldsson. Projeksjonsdesign: Erato Tzavara. Lysdesign: Daphne Agosin. Figurdesign/dukkemaker: Kirjan Waage. Scenografi- og kostymedesign: Gwendolyn Warnock & Kirjan Waage. Produsent: Gabrielle Brechner. Originalt ensemble: Alexandra Bråss, Dorothy James, Andy Manjuck, Hanna Margrete Muir, Sigurd Rosenberg, Peter Russo, Marie Skogvang Stork, Anna Soland, Kirjan Waage. Rekvisitt- og supplerende dukkemaking Lei-Lei Bavoil, Alexandra Bråss, Frida Vige Helle, Dorothy James, Andy Manjuck, Hanna Magrete Muir, Jack Markussen, Sigurd Rosenberg, Peter Russo, Marie Skogvang-Stork, Anna Soland. Supplerende rekvisittmaking, maling og sying: Gro Sunde, Rosalie Arends
Framsyninga er produsert i samarbeid med Figurteatret i Nordland, Nord Universitet og The Chicago International Puppet Theater Festival. Støtta av: Kulturrådet, Oslo Teatersenter, Sea-Cargo AS, FFUK. Figurteatret i Nordland.
https://teaterfestivalenifjaler.no/