Varm melk med honning er ei kort, men omfattande livsforteljing om skjør kjærleik.

 

Av Henrik Refsnes 17 år
Mentor for redaksjonen: Hedda Fredly

I dette stykket vert ein kjend med Oda (Tora Dietrichson) og Ronja (Maiken Schjøll Frisch), som ein følgjer tett gjennom heile stykket. Ein får høyre historia deira som starta uventa for alle. Det startar morgonen etter ein kveld med litt mykje å drikke. Oda og Ronja blir begge veldig overraska når dei vaknar opp, og ser at dei ligg ved sidan av kvarandre i senga.

Det skal vise seg at det som såg ut til å vere noko lite, utvikla seg til å bli noko stort.

Varm melk med honning er ei veldig intenst og spanande førestilling som reflekterar kvardagslivet til Oda og Ronja. Ein følte seg sånn igjen i stykket til tider, at ein nesten vart litt flau. Dei viser veldig godt at det å vere skeiv ikkje har noko betydning. Sjølv om det handlar om eit lesbisk par, så verkar opplevingane i forholdet så allmenne at det ikkje opplevast som «skeiv tematikk».

Dei fell inn i ei overvelda forelsking, som brått tek slutt når ei av dei gjer ein tabbe og historia får eit vendepunkt. Det tek ikkje lang tid før dei lengtar tilbake til kvarandre, og finn ut at dei skal gje forholdet ein ny sjanse. Ettersom åra går, får dei eit born, kranglar om husarbeid og opplever kor emosjonell overgangsalderen kan gjere ein. Til slutt delar dei ein siste kopp varm mjølk med honning.

Eg syntest dette var eit veldig spanande og lærerikt stykke. Spenninga var der frå første sekund, og vart berre større. Ein klarde ikkje ta auga vekk og til tider prøvde ein å unngå og blunke, for å ikkje gå glipp av noko. Salen vart fullt av latter og energi. Ein kunne til og med sjå at skodespelarane måtte le litt inn i blant også. Ein fekk verkeleg kjenne på varmen av ein full sal – til og med så fysisk varmt at det til tider blei ubehageleg å sitje.

Det at dei hadde ulike lysinnstillingar, effektiv bruk av få rekvisittar, og hadde fin flyt i uttalen og språket, gjorde at det vart lettare å skilje scenene frå kvarandre, følje med på hendinga og gjorde at ein fekk eit konkret bilete av kvar scene. Tekniske problem gjorde at lyden av skodespelarane vart kopla ut når musikken kom på, som førte til at ein fekk problema med å høyre kva som vart sagt.

Men sett vekk frå denne detaljan er Varm melk med honning ei realistisk førestilling som gjer det å vere skeiv til å vere noko kvardagsleg. Riktig nok er det skrive inn element av hets, men eg tolkar det slik at det berre er Oda og Ronja sine usikre tankar følelsar.

Varm melk med honning – Medverkande:

Skodespelare: Tora Dietrichson og Maiken Schjøll Frisch
Regi: Kristi-Helene Engeberg og Maiken Schjøll Frisch
Musikk: Tora Dahle Aagård
Manus: Maiken Schjøll Frisch
Produsenter: Andrea Therese, Maiken Schjøll Frisch og Kristi-Helene Engeberg

 

Foto: Madan Gaurav