Dette livet eller det neste viser òg korleis det er å stå utanfor og kjenne seg framand 

Barndommen  

Dette livet eller det neste handlar om Tariq frå Østfold og hans reise til Syria for å støtte opprørarane i starten av krigen. Vi startar med barndomen hans og utfordringane med å være minoritet og snakke eit anna språk heime. Han blir mellom anna sendt til ein militær skule i Pakistan. Gjennom tida får vi sett in i det å være framand, annleis og kor enkelt det kan være med i negativt påverkande grupper. 

 Religion og kaos  

 Religion spelar eit stort rolle ettersom at hovudpersonen går frå å selge narkotika til å være med i morgonbønner og snur rundt både på livet hans og vennane. Dei pakkar etterkvart bilen og køyrar til Syria der vi får høyre om kaotiske tilstandar og vald.

 Stykket blir framført av eit person på scena som er imponerande. Det er ein bil som er kutta i to og mange LED-stavar som er med på å skape eit interessant atmosfære og eit form for visuelle effektar, ein veldig unik visuell erfaring. Siste delen av framsyninga var det bruk av mykje lydar og røyk.

 Eg likte stykket godt, men det var litt krevjande å sjå for meg og dei andre som eg snakka med, men det er eit unikt erfaring som gir deg eit nytt perspektiv. Eg ville anbefalt det for 15-17 åringar, men ville gjerne ha passa for eldre aldersgrupper.

 

Medvirkende Ravdeep Singh Bajwa

Regi Miriam Prestøy Lie

Dramatisering Miriam Prestøy Lie og Idun Vik

Scenografi og kostymedesign Helle Bendixen

Lysdesign Yasin Gyltepe

Lyddesign Sven Erga