På teaterfestivalen i Fjaler kan du finne det meste. Alt frå skumle spøkelsesjakter, emosjonelle tårevåte framsyningar og sterke stykkar som treffer ein rett i hjarterota til lystige, glade og morosame forstillingar som ikkje førar til noko anna enn å klistre store smil på fjesa til alle tilskodarane. Rett og slett feelgood framsyningar.

Vi starta av feelgood laurdagen med at to av oss i redaksjonen fekk vere med på noko som kanskje ikkje kan kategoriserst som feelgood, men var eit minneverdig, sterk og ikkje minst uforgløymeleg foredrag av Kristina Quintano. Kristina om flykningekrisa i Middelhavet der ho har arbeidd som aktivist sidan 2001. Dei fleste satt med tårer i augekroken minst ein gong i løpet av den sterke opplevinga.

Til vanleg er vi i redaksjonen einig om at Fjaler er ein roleg plass utan alt for mykje liv og fest, men alt dette snur når teaterfestivalen kjem til bygda. Dette fekk vi verkeleg føle på i dag då alle aktivitetane på festivallaurdagen starta. Først gjekk festivalparaden der det var morosame klovnar som hoppa rundt og oppfordra til dans til musikken spelt av Dale musikkorps.

Då vi kom fram til den gamle ungdomsskulen starta programmet og moroa. Først ut var ein kjapp konsert spelt av dei talentfulle Høyer/Baksaas som smitta publikum med fengande rytmar. Neste ut var De Fjaleristiske saman med Dale musikkorps. Verdens beste sirkus saman med verdens beste musikkorps har verkeleg forstått mottoet til teaterfestivalen ved å spreie glede og håp til både store og små.

Etter den livlege framsyninga kom Kristina Quintano med nok eit innlegg som gjorde inntrykk og ein pause der ein kunne sjå på barneskulen sitt bidrag til teaterfestivalen

Klokka 18.00 var redaksjonen på plass utanfor sirkusteltet, klar for å sjå Zappzarapp, men med meir høvelege kle denne gongen. Med flinke artistar som utførte utallege spennande, men nervepinande stønt vart sirkuset kjekt for både store og små. Musikk, rytmar og enkel humor appellerte bra til den yngre delen av publikum noko som førte mykje latter og engasjement.

Zappzarapp hadde ein unik måte å opptre på som vi i redaksjonen har eit ambivalent forhold til. Denne nye opptredsmåten innehaldt at artistane var spreidd rundt på scenen under mesteparten av showet sjølv om ikkje dei var dei som skulle vere i fokus akkurat då, noko som vi fant distraherande til tider. Uavhengig av dette synts vi at det nye oppsettet var ein kreativ måte å gjere noko nytt ut av det gamle klassiske sirkus programmet. Noko vi likte spesielt godt var at førestillinga var dyrefri. Zappzarapp viser på perfekt vis med sine fantastiske ferdigheiter at dyr ikkje er nødvendig for å få ein bra førestilling. Denne dagen med musikk, dans, rytmar, glede, latter, i lag med strålande vær og sol, skapar verkeleg glede og optimisme som igjen gir oss håp.