Å framføre noko ein har lagt sjela si i krevjar mot, men å framføre det som introduksjon til ein landskjend teaterfestival framfor ein haug med videregåandeelevar?

Av Eliot Immanuel Meier Losnegard
Med innspel frå Iulian Lavinius og resten av Unge Stemmer-redaksjonen
Mentor for redaksjonen: Hedda Fredly

Stykket Everything we never were (Alt vi aldri var) var opningsforestillinga på Teaterfestivalen i Fjaler 2023. Det er skrive, regissert og spelt av amatørteatergruppen UWC Theatre Group. Forestillinga tar opp temaer som kjærleik, sjalusi, isolasjon og det vanskelege med å vere ung i ein liten stad. Fem barndomsvener (Alex, Astrid, David, Jonathan og Maya) møtast i bygda dei vaks opp i etter fem år utan kontakt når ein av venane i gruppen, Oliver, plutseleg døyr. I denne motvillige gjenforeininga må dei møte problema dei flytta fra og navigere det som er igjen av dynamikken frå ungdomen deira.

Stykket foregår over eit kort tidsrom kort etter begravelsen til Oliver, den daude venen. Handlinga skjer gjennom dialogar mellom karakterane og monologar spreidd utover stykket. Ein kan sei at hovudhandlinga i stykket skjer gjennom informasjonen vi får i dei store (indre) monologane til karakterane, som då delar opp stykket i fem delar, alle i den nye konteksten av den førre monologen. Personleg er eg ein stor fan av inblikk i karakterar sine tanker i litteraturen, noke eg òg satte pris på i dette stykket.

Som de kanskje har fått intrykk av, likte eg stykket godt, men dessverre er det ikkje alle som hadde same glede av det som meg. Klassekameratar har fortald meg at dei hadde vansker med å følgje med på handlinga, anten fordi det var vanskeleg å forstå uttalinga i visse delar, fordi det var uro i salen, eller fordi stykket kunne ha eit nokså lågt lydnivå til tider. Folk hadde difor ein tendens til å falle av handlinga og miste interessa. At stolane i den nye teatersalen var lite komfortable hjalp heller ikkje, og var noke eg har høyrd mange kommentere på i etterkant.

Konsensusen var likevel at både skodespelinga og samansetninga i stykket var svært imponerende arbeid, spesielt for det første store stykket til ein amatørgruppe. Elevar sa når dei blei spurd om deira meining at å framføre noke så stort må ha krevd mykje mot, noke eg er fullt eining i, spesielt når det er framfor haitanken vi alle kallar Dale VGS.

Scenografien og regien til stykket er elegant utført. Få skodespelarar, enkle rekvisittar (vi satte veldig pris på at vinen var «ekte») og tydeleg lyssetting gjorde det ellers kompliserte stykket enklare å ta inn. Ein annan medlem av Unge Stemmer, Iulian Lavinius, skriv følgende om lyssettinga i skodespelet:

“Lyset i teaterstykket spilte en svært viktig rolle, fordi det ble brukt for å symbolisere flere ting, for eksempel karakterens tanker. Når dette skjer, blir lyset blått, og alle bortsett fra karakteren stopper. Lyset blir også av og til slått av for å endre hvordan scenen ser ut, uten at publikum ser det. Jeg synes de gjorde en veldig god jobb med lyset og viste mye profesjonalitet.”

Eit anna element i scenografien er den kvite veggen på hjul, som gjennom forestillinga blir brukt på ein meir eller mindre elegant måte. Visuelt blei veggen brukt til å formidle fysisk avstand mellom karakterane og for å bryte opp den ellers mørke scena på ein visuelt tilfredsstillande måte. Bruken av veggen som lerret for mobilscenane, derimot, bryt immersjonen til publikum på grunn av den (relativt) uelegante utføringa.

Min største kritikk til stykket ligg mangelen på referansar til Oliver, ein karakter mange i publikum ikkje fekk med seg eksisterte i det heile tatt. Alle karakterane i oppsetninga hadde sine eigne traumar, men ingen av dei hadde noke å gjere med bardomsvenen dei nettopp hade vore i gravferda til. Karakterane seier at Oliver var limen som haldt gruppa saman, men eit Oliver-forma hól i vennegruppa er dessverre ingen stad å finne. I mi meining skulle Oliver anten vore ein sjette «karakter», med sin eigne bakgrunnshistorie fortald gjennom ein eller fleire av dei andre personane, eller ikkje vore nemnt i stykket i det heile tatt.

Til tross for dette syns eg at ein imponerende gjennomført oppsetjing som gav eit relaterbart bilde av uvenskap, venskap, kjærleik og oppvekst generelt.

Medverkande – Everything we never were

Tekst og regi: Agnes Ulla  Käck Karlsson og Lo Stranne.
Skodespelarar: Maria Clara Santos, Mildrid Rasmussen, Asta Gabriel, Helene Bondy, Agnes Ulla Käck Karlsson.
Andre medverkande/crew: Lo Stranne, Maki Matsuoka, Mo Rodin, Thea Madisson, Mara Flechtner, Ida Helene Imenes.
Tusen takk til: Peter Wilson, UWC RCN, Media crew- Ľubica Fintorová & Khrystia Saiko, Rakel Backer Meiner, DROP, Hedvig Skou Eskeland, Sarah Maya Gobel, Mélusine Estgen, Sarah Haughey. Maria Clara Santos, Helene Bondy.