Framsyninga av Mesteren og Margarita maktar å teikna tydelege parallellar mellom Moskva på 1930-talet og dagens Bergen. Stykket syner kva folket i desse to byane har til felles, både i det gode og i det vonde.

Den Nationale Scene i samarbeid med Festspillene i Bergen har med seg regissør Simon K. Boberg for denne dramatiseringa av Mesteren og Margarita. Boberg viser med sjølvtryggleik av han kjenner romanen ut og inn, og har med seg eit sterkt ensemble for å realisere visjonen sin. 

Motivet i Mesteren og Margarita tek føre seg på 1930-tallet i Moskva, Sovjetunionen sitt politiske og kulturelle senter. Ein tilsynelatande vanleg vårdag får Moskva uventa besøk av djevelen og hans trufaste følgesveinar. Dette set byen på hovudet frå første stund, i djevelen sitt møte med ein redaktør og ein poet ved Patriarkdammane. Samtidig som han og hans følgesveinar herjar på i Moskva, lengtar Margarita etter kjærasten sin, meisteren, som har forsvunne. Parallelt som handlinga utspelar seg i Moskva på 1930-talet, vert vi teke tilbake til år 33 og vitjar Jesus sine siste dagar saman med Pilatus. 

Ein Woland teaterhistoria ikkje kjem til å gløyma

Datarock-vokalist Fredrik Saroea leiar framsyninga som djevelen; Woland. Det er vanskeleg å førestilla nokon andre enn Saroea som Woland – han har sjarmen, elegansen, vittigheita og komikken Woland er kjend for. Kostymeansvarleg Silje Benedict Pedersen treffer midt i blinken med styling av Saroea for rolla, slik at han ser prikklik ut som beskrivinga av Woland i boka. Saman med Saroea blir dette ein Woland teaterhistoria ikkje kjem til å gløyma.

Resten av rollebesetninga skin like sterkt. Eirik del Barco Soleglad presenterer demonen Korovjev med sjarm, audmjukne og humor. I Jerusalem, der Knut Erik Engemoen speler Jesus og Svein Harry Schöttker-Hauge speler Pilatus, er den ideologiske spenninga mellom dei tydeleg. Trass i at rollebesetninga berre tel tolv skodespelarar, opplever ein scenen som full og levande.

Krevjande verk å tilpasse til teater

Sjølv om Mesteren og Margarita er eit krevjande verk å tilpasse til teater, meistrar scenograf, kostyme- og lysdesignar Edward Lloyd Pierce å forvandle scenen og salen sin atmosfære til ei imponerande attgjeving av den som finst i romanen. Magi og det mystiske er sentrale element i Mesteren og Margarita, og framsyninga er oppteken av å bevara denne essensen. Saman med den rådgjevande tryllekunstnaren Roy Bjerke har produksjonen lykkast i å føre magien frå Mesteren og Margarita inn i røyndommen. Produksjonsensemblet har fått til eit storarta stykke der alt ifrå scenedesign lydbilete, kostyme og koreografi, til tryllekunst og lysteknikk flyt godt saman og skapar ei ugløymeleg gjenfortelling av Mesteren og Margarita

Ulike tidslinjer

Dessutan har framsyninga si eiga identitet, sjølv om han er ein attgjeving. Mykje av dei overnaturlege og magiske elementa er modernisert, og inkluderer originale scenar, rekvisittar, kostymer og replikkar for å tilnærma seg vår tid. Dette er truleg det mest slåande aspektet av framsyninga – ein vert trekt med på ei reise som strekkjer seg frå år 33 til 1930-talets Moskva, og endeleg, til samtids-Bergen.

Magi opnar opp ei rekkje kreative mogelegheiter, når ein skal attgje Mesteren og Margarita. Dette utnyttar framsyninga fullt ut, og brukar det som eit verkemiddel for å inkludera publikum i røyndommen i stykket – konsekvent førar dette til at framsyninga bryter den fjerde veggen. Parallelt med dei to første tidslinjene i Mesteren og Margarita, er samtids-Bergen den tredje tidslinja. Samtidig som djevelen og hans følgesveinar brukar humor og satire for å kritisere Moskva og byen sine innbyggjarar i 1930-talet, vender dei seg mot publikum og kritiserer bergensarar for deira dobbelmoral i same linje. Ein kan oppleva kognitiv disharmoni når ein høyrer latter frå bergensarar som ler og tar lett på kritikken retta mot dei. Dette forsterkar satirelementa i førestillinga, og fungerer som ei åtvaring om å vera medviten om sine dobbeltmoralar.

Den Nasjonale Scene har sett opp ei spektakulær attforteljing av Mesteren og Margarita. Boberg hadde ikkje berre lyst til å laga ei attforteljing, han ville gje nytt liv til romanen– dette lykkast han med. Ein kan verkeleg kjenna at kvar person involvert i framsyninga har djup kjærleik for romanen, og vil skapa ei attgjeving som ærar hans arv. 

Alle foto: Sebastian Dalseide / Festspillene i Bergen

Denne meldinga er eit samarbeid mellom Unge Stemmer, Tidsskriftet Jaja og Framtida.no.

Mesteren og Margarita
Den Nationale Scene / Festspillene i Bergen

Fredag 24. mai

Azazello: Kjetil Møster
Woland: Fredrik Saroea
Mesteren: Herman Bernhoft
Margarita: Irene Waage
Korovjev: Eirik del Barco Soleglad
Ivan/Levi: Kristina Berg Jåtten
Pilatus/Stravinskij m.fl: Svein Harry Schötter-Hauge
Jesus/Stjopa m.fl: Knut Erik Engemoen
Berlio/Rimskij m.fl: Tormod Løvold
Annusjka, Varenucha m.fl: Katrine Dale
Behemot m.fl: Kristi-Helene J. Engeberg
Hella m.fl: Ida Klem

Azazello (vikar): Aksel Røed

Regissør: Simon K. Boberg
Scenograf, kostyme og lysdesigner: Edward Lloyd Pierce
Komponist: Fredrik Saroea
Musikere: Stian Balducci, Kjetil Møster
Koreograf: Piero Issa
Rådgivende tryllekunstner: Roy Bjerke
Dramaturg: Kjersti Gulliksrud, Lillian Bikset
Språkvask: Demian Vitanza
Regiassistent: Margaryta Grynko

Inspisient: Kristine Nordby Simonsen / Sandra Olea Jakobsen
Lysmester: Ida Charlotte Brønn / Kari-Ann Skårbø
Lystekniker: Anne Elisabeth Bergendahl / Dag Tømmerbakke
Lydtekniker: Bjarte Våge / Rune Bjorøy
Sceneteknisk ansvarlig: Even Kråkenes
Rekvisitør: Espen Røen / Cathrine Hopstock
Maskør: Silje Benedicte Lie / Frida Rykkje
SFX-hode: Mette Noodt
Kostymeansvarlig: Silje Teland Pedersen
Kostymeassistent og rekvisittmaker: Simen Mustvedt
Kostymeteknikker: Julie Jensen / Anja Marie Homestad Thorsen
Sufflør: Birte Valkyrje Rolland /Britney Elise Sudmann-Mack

Alle foto: Sebastian Dalseide / Festspillene i Bergen

Rakeb Erana

Rakeb Erana er 22 år og studerer fysikk ved Universitetet i Bergen. På fritiden er hun engasjert i kunst, kultur og politikk. Rakeb deltok på Kritikarseminaret i Fjaler for nye stemmer om kunst og kultur i regi av Tidskriftet Jaja og Jakob Sande-senter for forteljerkunst våren 2024.