Kvar går du om alle vegar ser like ut? Kva strekk du deg etter, om alt du strekk deg etter forflyttar seg bort frå deg? Og kvar finn du håpet om ingen fortel deg at det eksisterer?

I forestillinga Asfaltpuls møter me fem frittståande karakterar som alle slit med sitt. Men replikkane går gjennom gruppa som rå, gnistrane tekst levert av ein felles organisme. Dei dreg publikum inn i eit ekte og ærleg tankerot, både i ord og bevegelse. Me er plassert ståande rundt skodespelarane som ei ramme, og alle får si eiga oppleving av forteljinga, ut i frå kvar i rommet ein har plassert seg. Skodespelarane leikar med ei felles rytme og inviterer publikum til å få kjenne på asfaltpuls, paranoia som faen i solnedgang.

Gjengen: “jeg ropte! Ingen kom!”

Gutten: “jeg så meg om etter vennene jeg hadde latt gå”

Jenta: “men de var borte…. de og”

Eit utval av M. H. Hallum sine ord og tekstar har blitt til samanfletta forteljingar, formidla gjennom eit heilt fantastisk bra samspel mellom fem menneskar. Dette er ei forestilling om unge liv i bevegelse, og kjensla av at “det er ingen å snakke med”. Gjennom heile stykket kjem stadig setninga «vi har enda 100 år igjen» tilbake til oss, både som spørsmål og påstand. Desse orda er med på å sette resten av manus i eit utruleg spennande og spesielt perspektiv. For uansett kva som skjer akkurat no, uansett kor aleine ein er, så har me framleis 100 år igjen, både på godt og vondt.

«Eg tenkjer at forestillinga asfaltpuls er ein refleksjon av ung oppvekst på austkant i storbyen, med hemmelegheiter, massevis av mørke, vågale draumar og knusing av normene me alle er fanga i. Dette er norsk poesi og scenekunst som verkeleg gjorde inntrykk på meg. Stykket varar i underkant av ein halvtime, og kan treffe folk i alle aldrar, men passar kanskje best for aldersgruppa 12+.

Manus er basert på tekstane Urban Legend og Rekonstruksjoner av Malfrid Hovsveen Hallum. Stykket er regissert av Mine Nilay Yalcin.

 

Skrive av Amelia Gomez Snerte