Teaterfestivalen i Fjaler 2022 har vore den største festivalen i Dale til no. Tallause timar med arbeid og talent kondensert inn i ein firedagars festival gjer at denne tida av året meir enn toppar dagar som 17. mai.

Etter dei siste par koronafylte åra, der ikkje eingong spøkjelser går i gatane i sentrum, er eit opplegg som dette mildt sagt ganske kjekt. Som sagt tidlegare trur eg at teaterfestivalen har vorte den viktegaste begivenheiten i gjennom året i Dale. At noko slikt skjer på ein plass som dette er noko eg ikkje trur skjer mange andre plassar i verda.

Det tekniske arbeidet var på topp i år, og stykkene hadde nokon svært kreative brukar av lys og lyd. Ein ting eg har lagt merke til er korleis teater som medieform gjer ein heilt anna oppfatning av effektane som blir brukt enn media laga for skjerm. I andre ord føler eg at eit stykke med kanskje to personar, der heile verda må formast av skodespelarane og lyd- og lysteknikaren, gjer ein spesiell opleving berre teater kan gje.

Eg fekk inntrykk av i stykka retta mot ungdom og vaksne var tematikken oppvekst, og korleis val og hendingar kan forme ein person.  Dette kom fram i mellom anna stykke som superkid eller i dette livet eller neste der vi såg ulike konsekvensar av ein oppvekst med mykje svikt.

Av dei fire dagane festivalen foregikk, var laurdagen den mest begivenheitsfulle. Den første halvdelen av dagen bestod av matbodar,sirkus, vandreteater gjennom bygda med studentar frå Khio i samarbeid med den lokale ungdomsskulen, og meir.

Unge stemmer, prosjektet eg blei kasta inn i før festivalen starta, er og har vore eit opplegg der eg og andre ungdom med ein interesse for skriving, teater og gratisbillettar til konserter har kunne fått bryne oss på mediakritikk og utvikle skrivinga vår. Å gå djupare inn i meiningane i teater  og diskutera med venane mine som var med har gitt meg ny kunnskap.

For ein som er godt van medå sjå filmar og video-spel, er teater ein heilt annan, og difor overraskande krevjande opplevelse. Utover festivalen kjende eg meg heilt emosjonelt utbrend av alle intrykka og følelsane festivalen kom med. Litt av ein helg!

I konklusjon synast eg teater er supert, og vil anbefale fleire ungdommar å få med seg meir av festivalen.