Kva kan ei kvinne vera? Er det noko i dag ho ikkje kan eller bør vera? Finst det noko kvinneleg og mandig i dansen og kva skjer med kjønnsrollene i den norske folkedansen når kvinna i 2023 får spela begge rollar og ta dei heftigaste “karstykka”?

I Skaut fokuserer koreograf Hallgrim Hansegård og fem medskapande dansarar på tematikken rundt tildekking, avdekking og kontroll av kropp. Kvinnene både strammar og sler ut håret gjennom bunden samtidsdans og fri folkedans. Skaut er ei vakker og energisk danseframsyning som reflekterer over forholdet mellom restriksjonar og fridom. Vår eiga tid blir set opp mot historia, og gjennom dans, kostyme, lys og musikk leitar dansarane etter måtar å frigjera seg på; frå seg sjølv, gruppa og samfunnet. I Noreg har skautet blitt brukt til å både kontrollere og søkje fridom. Er skaut innskrenkande eller frigjerande?

I forarbeidet til produksjonen snakka Frikar med eldre, kvinnelege tradisjonsberarar av både folkedans og folkedrakt, og dessutan yngre kvinner frå ulike kulturar, om restriksjonar på kroppsføring og kleskultur. I Noreg har skautet vorte brukt til å både kontrollera og søkja fridom. Kan norske kles- og rørsletradisjonar gi nytt perspektiv til dagens bruk av hijab? Publikum får oppleva fem dansarar som speler på eit breitt utrykksregister og som på ulikt vis tek kontroll over korleis dei blir sett på.

Forestillingen er samprodusert med Beaivvas Samiske Nasjonalteater og Bærum kulturhus. den er støttet av Kulturrådet, Fritt Ord, Sparebankstiftelsen DNB, Norsk Tipping, Eckbos Legat, Oppland/Innlandet fylkeskommune, Valdres Natur- og Kulturpark.

Varighet:
75 minutter

Opprigg:
360 minutter

Nedrigg:
90 minutter

Rom- eller arealspesifikasjoner:
Krever kulturhus eller tilsvarende scene.

Publikumsplassering:
Amfi

Må blendes:
Ja

Hallgrim Hansegård
Kunstnerisk ansvarlig, Regissør, Koreograf

Celestine Hennermann
Annet

Inger Stinnerbom
Kostyme

Erlend Apneseth trio
Komponist

Gard Gitlestad
Lysdesign

Sara Enger Larsen
Danser

Nora Martine Svenning
Danser

Anita Vika Langødegård
Danser

Ornilia Percia Ubisse
Danser

Sigyn Åsa Sætereng
Danser

Grunnpris A
Kommer snart

Reise, diett og opphold ikke inkludert

Antall personer på turné
7

Bestill forestillingen

Ta kontakt med:
Tora de Zwart Rørholt
tora@syvmil.no
+ 47 416 34 364
Nettsted