26. august, 2026
To forestillinger med Feil Teater på Det Norske Teatret
Ein grøssar for modige barn og skvetne vaksne, og ei interaktiv vandreframsyning.
Denne høsten flytter Feil Teater inn på Scene 3 på Det Norske Teatret. Der skal de være et helt år og lage teater for barn. Først ut er Frankenstein, en grøsser for barn fra 10 år. Deretter Den perfekte premieren (og det som vart litt dumt) en interaktiv vandreforestilling. Vi er så heldige at vi har fått et samarbeid mellom Showbox, Det Norske Teatret og Feil Teater, slik at begge disse forestillingene blir en del av festivalprogrammet!
Frankenstein
Alt i denne historia er funne på.
Likevel er alt saman sant.
Kvart
einaste
ord.
Den unge studenten Victor Frankenstein har stengt seg inne i slottet sitt, og her arbeider han med å få til det umoglege: Å skape liv i ein død kropp. Når han endeleg lykkast i å vekke skapningen til live, er den alt anna enn han hadde drøymt om. Victor kastar skapningen på dør, og dette set i gang ei rekke grufulle hendingar. Og når grufulle ting skjer, har ein berre to moglegheiter: Ein kan stenge seg inne, eller ein kan be om hjelp. Men kven vil vel hjelpe eit monster?
Frankenstein er ein grøssar for modige barn og skvetne vaksne, i ein nyskriven versjon basert på romanklassikaren av Mary Shelley som har gitt lesarar frysingar i over 200 år. Rotne hjernar, dødsdømde kjeltringar og grotesk vitskap blir sydd saman til ei historie om kva som gjer ein skapning til eit monster, og om å vilje bli frykta når ein ikkje kan bli elska.
Den perfekte premieren (og det som vart litt dumt)

Det er med stor glede vi kan avsløre at Noregs mest kjende kunstnarduo vender heim etter over ti år i utlandet. Regissør Verner Bang-Wisløff og stjerneskodespelar Angelica Dybwad har teke heile verda med storm med sine imponerande produksjonar. Frå Berlin til Beijing, frå Kairo til Kuala Lumpur.
No inntek dei Det Norske Teatret med ei framsyning som heilt garantert kjem til å ta pusten frå deg – og du er invitert til verdspremiere! Spenn fast setebeltet og gjer deg klar for ein spektakulær berg-og-dal-bane av ei teateroppleving, ulikt alt anna du har sett.
Og kanskje viktigast av alt: Vi garanterer at premieren kjem til å gå heilt etter planen, og at ingenting dumt kjem til å skje.
I Den perfekte premieren (og det som vart litt dumt) må publikum bli med inn bak kulissane for å løyse eit spennande mysterium. I rom ein vanlegvis ikkje får sjå – bak scenen, i verkstader og rekvisittlager – får publikum eit innblikk i maskineriet bak eit av Noregs største teater.
Feil Teater fikk Heddaprisen i 2023 for beste forestilling for barn med Nordpolen Magiske Trikketransport, og i 2025 ble de nominert i samme kategori for Flukten fra Botsen. Feil Teater jobber for at teater skal være inkluderende, bygge fellesskap og være noe alle har råd til.
Foto: Eirik Malm