Frankenstein – Feil Teater / Det Norske Teatret

Skrekkteater Fra 10 år

Hvor

Det Norske Teatret

Når

Ons 25. nov - Tor 26. nov
2 forestillinger

Se forestillinger

Alt i denne historia er funne på.
Likevel er alt saman sant.
Kvart
einaste
ord.

Den unge studenten Victor Frankenstein har stengt seg inne i slottet sitt, og her arbeider han med å få til det umoglege: Å skape liv i ein død kropp. Når han endeleg lykkast i å vekke skapningen til live, er den alt anna enn han hadde drøymt om. Victor kastar skapningen på dør, og dette set i gang ei rekke grufulle hendingar. Og når grufulle ting skjer, har ein berre to moglegheiter: Ein kan stenge seg inne, eller ein kan be om hjelp. Men kven vil vel hjelpe eit monster?

Klassikar for barn

Frankenstein er ein grøssar for modige barn og skvetne vaksne, i ein nyskriven versjon basert på romanklassikaren av Mary Shelley som har gitt lesarar frysingar i over 200 år. Rotne hjernar, dødsdømde kjeltringar og grotesk vitskap blir sydd saman til ei historie om kva som gjer ein skapning til eit monster, og om å vilje bli frykta når ein ikkje kan bli elska.
Men hei: Om du blir redd, er det lov å gripe tak i armen ved sida av deg. Berre pass på at han heng skikkeleg fast i kroppen han høyrer til, så du ikkje endar med ein laus arm i fanget…

FRAMSYNINGA ER SKUMMEL, OG PASSAR FOR barn frå 10 år. Det er ikkje tilrådd å ta med småsøsken.

Hausten 2026 flytta teaterkompaniet Feil Teater inn på Scene 3 på Det Norske Teatret. Her skal dei vere i eit heilt år og lage teater for barn.

I 2023 fekk dei Heddaprisen for beste framsyning for barn med framsyninga Nordpolen Magiske Trikketransport, og i 2025 blei dei nominerte i same kategori for Flukten fra Botsen.
Feil Teater jobbar for at teater skal vere inkluderande, bygge fellesskap og vere noko alle har råd til. Framsyningane tek utgangspunkt i mange ulike tema, men felles for dei alle er eit leikent teateruttrykk som fengar dei som ikkje oppsøker teater til vanleg.

Første framsyning ut på Scene 3 er Frankenstein.

I rollene: Amalie Ibsen Jensen, Kyrre Hellum, Sebastian Skytterud Myers, Ingrid Jørgensen Dragland, Amanda Hedvig Lie Strand, Johan Hveem Maurud, Jenny Mueni Ndunda

Kunstnarleg lag

Av Feil teater, basert på romanen til Mary Shelley
Regi: Vilde Johannessen
Manus: Mars Halvor Andreassen
Scenografi: Amanda Hedvig Lie Strand
Lys, lyd og videodesignar: Thomas Gallagher
Musikk: Eirik Røland
Dramaturg: Anders Hasmo

Se forestillinger

Onsdag 25. november kl. 18.00
Det Norske Teatret

Torsdag 26. november kl. 12.00
Det Norske Teatret

Hvor

Det Norske Teatret

Når

Ons 25. nov - Tor 26. nov
2 forestillinger

Se forestillinger

Program

Scenekunstbruket etablerte i 2005 den årlige scenekunstfestivalen Showbox for barn og unge. I år har vi gleden av å dele et program med både norske og internasjonale forestillinger. Vi håper du finner noe du liker 😊

Repeatclub – fABULEUS (BE)

Tirsdag 24. november

Sofienberg kirke Fra 14 år

Førpremiere: Pink Ashes – Tony Tran

Tirsdag 24. november

Pilotscenen, Kloden teater

Showboxfest

Torsdag 26. november

Pilotscenen, Kloden teater